6. desember 2017

Førjulslesing: Britisk krim

Tre ulike kriminalromanar med handling frå tre forskjellige stader i Storbrittania. Det dei har felles er stemningsfulle skildringar av landskap, natur og miljø samt at interessante historiske fakta er lagt inn som er ein del av handlinga. I desse tre bøkene er me langt frå det urbane og støyande storbymiljøet.


Ildbarnet av S.K. Tremayne
Lydbokforlaget 2017
Speletid 10:18, lånt på biblioteket

Innleiingskapittelet i denne boka minner mest om noko som Victoria Holt kunne ha skrive då ho var aktiv. Eg las massevis av Holt-bøker i ungdommen, men har forlengst "vokst frå" slik litteratur - så fyrsteinntrykket av Ildbarnet var.. sånn passe.
Her møter ein Rachel, ei ung kvinne som nettopp har gifta seg med den rike enkemannen David etter kort tids bekjentskap. David har eit digert gammalt hus, eit vakkert men litt merkeleg barn og ei gammal skrullete mor. Han har også eit travelt og aktivt yrkesliv i London medan Rachel er stuck på herregården utan å ha noko fornuftig å ta seg til.

Eg likar ikkje det dameromanaktige og det overnaturlege i denne boka, men overraskande nok går forteljinga seg til; det er ein stigande spenningskurve og det vert ganske så intenst mot slutten. Etter ei tid oppdagar Rachel merkelege, mystiske og skremmande ting - og mykje av dette har å gjera med at David si tidlegare kone døydde under uklare omstendigheiter. Ho skal ha falle ned i ei gruvesjakt, men kroppen hennar vart aldri funnen. Stesonen Jamie er "synsk" - eller er i ferd med å bli alvorleg psykisk sjuk - og ein byrjar etter kvart å lura på kva David held skjult for Rachel. Det viser seg at også Rachel har grunnar til å halda visse ting frå sin bakgrunn hemmeleg.

Det eg likar best med boka er sjølve bakgrunnskulissane; grevskapet Cornwall med sitt særeigne landskap og den korniske kulturen med sine eigne tradisjonar. I dette distriktet finst rike naturressursar og massevis av gamle gruvegangar, undersjøiske gruvesjakter, samt skumle ruinar og mystiske herregardar. Utvinning av tinn og kopar byrja i Cornwall alt i forhistorisk tid og gruvedrift er såleis ein vesentleg del av historia i området. I forordet gjer forfattaren greie for litt av den korniske bergverkshistoria - og det er veldig interessant å lesa om.

Ildbarnet er ikkje nokon ekstraordinær thriller, men er grei nok om ein klarar å sjå vekk frå logiske bristar og dei deler av handlinga som er irriterande og usannsynlege. Terningkast 4-.


Blått lyn av Ann Cleeves
Vigmostad & Bjørke 2011
320 sider, lånt på biblioteket

Bok nummer fire i Shetlandserien har handling frå den fascinerande øya Fair Isle. Øya høyrer til Skottland og ligg midt mellom Orknøyane og Shetland. Fair Isle og er også heimstaden til Jimmy Perez, krimhelten i denne serien. I Blått lyn tek han med seg kjæresten Fran til øya slik at ho kan få helsa på foreldra hans og dessutan få oppleva det unike landskapet der.

Besøket på øya vert ikkje berre familiehygge då det skjer eit mord på den lokale fuglestasjonen. Talet på mistenkte er svært begrensa, men det vert likevel utfordrande for Perez å etterforska saka. Det skuldast isolasjon pga. vind og uver og at folk ikkje fortel det dei veit. Etter kvart skjønnar Perez at til og med hans eigen far held tilbake fakta som har betydning for etterforskinga.

Eg likar denne serien, spesielt likar eg skildringa av den spesielle naturen og omgjevnadene. Øya Fair Isle har sine særeigne kulturtradisjonar, ein særprega natur, eit rikt fugleliv og ei interessant historie - og alt det vert fletta elegant inn i boka. Forteljinga er noko saktegåande, men Cleeves skriv godt. Avslutninga av Blått lyn er overraskande - ja, faktisk ganske sjokkerande - og eg veit ikkje om eg likar akkurat det. Truleg har forfattaren ei meining med å gjera det så brutalt. Eg trudde (feilaktig) at dette var siste og avsluttande del av Shetlandserien, men det finst enno to bøker. Heldigvis. Terningkast 4+.



Svarthuset av Peter May
Goliat 2017
436 sider, kjøpt pocket

Me skal halda oss på dei skotske øyane; Svarthuset har handling frå Isle of Lewis i Ytre Hebridene. Dette er også ein stad med rike tradisjonar og eldgamle kulturminner - og me befinn oss verkeleg i utkanten av storsamfunnet her. Men samanlikna med bittelille Fair Isle (i Ann Cleeves sin roman) er Lewis ei kjempeøy.

Dette er fyrste bok i ein trilogi - og la det vera sagt med ein gong; dette lovar bra. Forteljinga er stemningsfull og tok tak i meg umiddelbart; protagonisten er sympatisk, mordetterforskinga er interessant og handlinga er fengande. Miljøet er spesielt og karakterane er truverdige og ekte.

Handlinga i Svarthuset går føre seg på fleire tidsplan og boka er like mykje ei oppvekstskildring som ein kriminalroman. Det handlar om at etterforskaren Fin Macleod vert beordra til Lewis i samband med eit bestialsk mord. Drapet ser ut til å ha same modus operandi som ei tidlegare drapssak og Fin må finna ut om dette stemmer. Fin er sjølv oppvaksen på Lewis og gjensyn med stader og personar frå fortida gjer at etterforskinga også vert ei reise tilbake til den vanskelege barne- og ungdomstida hans. Fin er i djup sorg etter å ha blitt råka av ein stor tragedie, og me får gradvis kjennskap til at han har opplevd litt av kvart tidlegare i livet óg. Ein forstår at alle negative opplevingar, den strenge og mørke religiøse oppdragelsen, den gæliske kulturarven samt det ville og vakre landskapet har prega livet hans. Parallelt med ei krevjande etterforsking må Fin ta stilling til kor han vil vidare i livet sitt.

Sentralt i handlinga er ein heilt spesiell og eldgammal jakttradisjon på Hebridene; fangst av havsuler. På ei klippeøy langt ute i havet har ein sidan 1500-talet drive med gugajakt (guga er havsule på gælisk). Denne jakta har fyrst og fremst vore for matauken sin del, men har også vore ein slags manndomsprøve. May skildrar denne tradisjonen på ein svært levande måte.

Svarthuset er ein velskriven og mollstemt kriminalroman som omsider har fått ei viss merksemd også her i landet. Eg ser verkeleg fram til å lesa dei neste to bøkene. Terningkast 5.



2. desember 2017

Bokomtale: Lasaruseffekten av Tom Egeland

Aschehoug 2017
548 sider

Papirbok lånt privat

Tom Egeland er den fremste me har her i landet innan det som kan kallast kodekrim. Bøkene om Bjørn Beltø vert ofte samanlikna med Dan Brown sine spenningsromanar om Robert Langdon, og det er forståeleg. Tematikken er ofte lik og dei les nok gjerne dei same bøkene og brukar ofte dei same kjeldene. Det var spesielt tydeleg med DaVinci-koden og Sirkelens ende der handlinga baserer seg på nøyaktig dei same teoriane og hypotesane. Men medan DaVinci-koden er ei heseblesande og sprudlande spenningsforteljing er Sirkelens ende lågmælt og saktegåande. Dei påfølgjande bøkene om Bjørn Beltø har eit høgare tempo.

Som Robert Langdon er Bjørn Beltø skarpare enn dei fleste og får stadig nye oppdrag når det gjeld å finna gamle gjenstandar og mystiske dokument. Medan Langdon er ein superheltfigur; ein slags krysning av James Bond, Indiana Jones og MacGyver, brukar Beltø mest sine små grå - samt flaks - når han skal løysa innfløkte saker. Men han glimtar til med litt actiontakter innimellom.

Bjørn Beltø sitt fremste kjenneteikn er at han er bleik - bokstaveleg talt. Han er albino, noko som gjer det vanskeleg for han å stikka seg vekk. Dernest er han klossete og naiv og nokså ironisk. Han er ein nerdete og lettare nevrotisk arkeolog med sans for kodeknekking, oldtidshistorie og gamle manuskript. Slett ingen tradisjonell superhelt - men ein svært sjarmerande krimhelt.

I denne sjuande boka i serien får han i oppdrag å finna De dødes bok; eit eldgammalt manuskript av babylonsk og egyptisk opphav. Oppdragsgjevaren er villig til å betala godt for opplysningar om denne boka. Han er ikkje er den einaste som er ute etter manuskriptet - og det viser seg ganske snart at enkelte gjer kva som helst for å hindra at De dødes bok vert funnen. Etter kvart vert det heile ganske så internasjonalt; Bjørn Beltø reiser fram og tilbake mellom Europa og USA og kjem borti både Big Pharma, amerikansk etterretningsteneste, hemmelege jødiske arkiv og skumle katolske brorskap. Her er altså mykje snadder for einkvar konspirasjonsteoretikar.

Tittelen Lasaruseffekten viser til bibelforteljinga om då Jesus vekte opp Lasarus frå dei døde. I denne boka handlar det ikkje akkurat om gjenoppliving, men om sjelevandring. Det vert vist til at forsking skal ha vist at kroppen til eit menneske vert bittelitt lettare etter døden, noko som kan forklarast med at sjelen forlet kroppen i det øyeblikket ein døyr. (Dette er også tema i Søvnen og døden av A.J. Kazinski) 
Kvar vert i såfall denne sjelen av? Svevande avgarde i det uendelege - eller kanskje den finn seg ein ny kropp? Fleire religionar og somme alternativarar trur jo faktisk på reinkarnasjon - og i denne boka vert det fortalt om medisinske forskarar som er i ferd med å gjera eksperiment som gjeld akkurat dette.

Boka er godt komponert med tanke på spenningsoppbygging og driv; det virkar som om Egeland har lært av Dan Brown at mange korte kapittel og cliffhangers er effektfullt.
Men - det er eit men.
Det er for mange og lange innslag av faktaopplysningar og informasjon. Eg føler at alle desse "forelesningane" går ut over framdrifta i forteljinga. Sidan det ikkje er så enkelt for ein forfattar å kutta ut stoff som ein har jobba hardt for å få tak i, burde kanskje ein redaktør ha sett ei grense for kva som er relevant å ta med i ei bok som dette?

Tidvis er Lasaruseffekten både interessant, fornøyeleg og underhaldande. Men sidan eg verken trur på noko gudommeleg eller på at sjelen lever vidare etter at me døyr, tykkjer eg mykje av handlingane i Lasaruseffekten er vel fantasifulle og nokså underlege - så eg datt litt av lasset undervegs. Eg er heller ikkje særleg begeistra for den uklare avslutninga. Det kan ikkje bli toppkarakter på Egeland og Beltø denne gongen.

Det må nemnast at den fysiske boka er uvanleg pen. Omslaget er kunstferdig og forseggjort, boka har tydelege avsnitt, fine illustrasjonar og det er brukt forskjellige fontar på ulike tekstar og forteljarstemmer. Det er ikkje så ofte ein kriminalroman vert så påkosta som denne må ha blitt. Så: Då er det litt dumt at det finst korrekturfeil. Eg tenkjer dette er heilt feil bruk av ressursar; forlaget burde ha spara på bokdesignutgiftene og heller lagt meir arbeid i korrekturlesing.

30. november 2017

Oppsummering november

Påbyrja i september, fullført i november:
Vera Henriksen - Beretningen om Jon Bentsson: Klangen av en lutt/ Ildens sang - Historisk roman - Lånt papirbok privat

Påbyrja i oktober, fullført i november:
Ann Cleeves - Blått lyn - Britisk krim - Lånt papirbok biblioteket
Matt Wesolowski - Seks historier - Britisk krim - Lytteeksemplar

Lest i november:
Katrine Sele - Jølster hotell - historier frå eit asylmottak - Dokumentar - eBokBib
Tom Egeland - Lasaruseffekten - Norsk krim - Lånt papirbok privat
S.K. Tremayne - Ildbarnet - Britisk krim - Lånt lydbok biblioteket
Peter May - Svarthuset - Britisk krim - Kjøpt papirbok

Påbyrja i november, fullførast i desember:
Nathan Hill - Nøkken - Amerikansk roman - Lånt lydbok biblioteket
Jørgen Jæger - Guden - Norsk krim - Kjøpt papirbok

Påbyrja i november, utsett til eit seinare høve:
Yuval Noah Harari - Sapiens. En kort historie om menneskeheten - Israelsk - Populærvitenskap/dokumentar - eBokBib


  • 4 papir, 2 lyd, 1 ebok 
  • 5 lånt, 1 kjøpt, 1 fått 
  • 5 krim, 1 historisk roman, 1 dokumentar
  • 3 norske, 4 britiske
  • 3 kvinner, 4 menn 
  • "Nye" forfattarar: Wesolowski, Tremayne, May, Sele
Pr. 30.11. har eg lest 95 bøker, så det ser ut til at eg skal nå 100 bøker dette året òg. 

27. november 2017

Favorittforfattarar: M

Eg var aldri i tvil om kven eg skulle presentera som favorittforfattarar på bokstaven M. Det måtte berre bli to damer denne gongen - to kvinner frå kvar sin generasjon - to dyktige forfattarar innan kriminallitteratur. Den fyrste har betydd svært mykje for meg og leseinteressa mi.

Foto: Aftonbladet.se

Maj Sjöwall

Svensk krimforfattar og oversetjar f. 1935.

Dette er sjølvaste Deckardrottningen med stor D. Saman med ektemannen Per Wahlöö skreiv ho dei ti bøkene om politietterforskaren Martin Beck. Bøkene kom ut i tidsrommet 1965 - 1975 og har alle undertittel "roman om en forbrytelse". Dette er politiromanar som inneheld ganske så skarp samfunnskritikk: Dei handlar ofte om korleis kriminaliteten endrar seg i takt med samfunnsendringar og dessutan om korleis samfunnet skapar taparar - og dermed grunnlag for kriminelle handlingar.

Då bøkene kom ut var dei banebrytande; ein kan sei at serien er grunnpillaren for den svenske krimsuksessen me har sett i ettertid. Bøkene er politiske, realistiske og velskrivne - og er blitt klassikarar. Me hadde vel neppe fått begrepet Nordic Noir utan forfattarpartet Sjöwall & Wahlöö. Bokserien har handling frå ei tid utan DNA-spor, internett, datamaskiner og mobiltelefonar. Likevel vil eg påstå at bøkene framleis er aktuelle: Skildringa av kampen mellom det gode og det onde er tidlaus.

Karakterane Martin Beck og Gunvald Larsson er velkjende for dei fleste av oss gjennom fleire filmar og TV-seriar.

Per Wahlöö døydde i 1975. Etter det vart det ikkje fleire kriminalromanar frå Maj Sjöwall, men ho har halde seg innan bransjen: Ho har m.a. oversatt Anne Holt sine bøker til svensk.


Foto: https://www.mohayder.net/

Mo Hayder

Britisk forfattar f. 1962.

Denne dama skriv råare - og betre - enn dei fleste. Den fyrste boka eg las av henne, Fuglemannen, har verdens eklaste plott - det er eg ganske sikker på. Korleis er det muleg å finna på noko så sjukt!? Og kvifor - kvifor! - vart eg så fascinert av det?

Jo; fordi Mo Hayder skriv så godt. Ho er ekstremt dyktig på spenningsoppbygging og overraskande vendingar og skildrar gjerne tabubelagte tema. Karakterane hennar er truverdige og framstår som ekte, med både sterke og svake sider.

For meg er det motsetningane mellom det fråstøytande og det tiltrekkande som gjer Mo Hayder til ein favorittforfattar. Det er klart at ho utfordrar lesaren når ho skriv på den måten ho gjer - og bøkene hennar passar slett ikkje for alle lesarar. Er du av den sensible og nærtakande typen som gjerne får mareritt av skrekk og gru; styr unna Mo Hayder!

Eg har lest alle bøkene i Jack Caffery-/Walking Man-serien og ser fram til å lesa Ulven som no endeleg er blitt tilgjengeleg på norsk.

Elles må nemnast den frittståande spenningsromanen Tokyo som er ei fabelaktig bok: Ekstremt spennande, usedvanleg interessant og uhyggeleg grotesk. Heilt topp, med andre ord.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Andre M'ar verdt å nemna er dei svenske krimforfattarane Mons Kallentoft og Markus Luttemann og dei norske krimforfattarane Monika Yndestad, Merete Junker og Marit Reiersgård.
Enkelte vil kanskje halda fram serieromanforfattarane May Grete Lerum og Margit Sandemo. Andre forfattarar som har mange tilhengarar/lesarar er Maria Parr, Margaret Skjelbred og Maja Lunde.
Kven er din favoritt på M?

19. november 2017

Smakebit på søndag frå Jølster hotell

Samlaget 2017
175 sider

Lånt ebok eBokBib

Så enkelt - og så bra - kan det gjerast. Katrine Sele har skrive ei god bok om flyktningsituasjonen og flyktningpolitikken og om menneske som er råka av krig og konflikt. Det er ei bok som inneheld sterke historiar og som gir oss eit innblikk i kvardagen til personane som sit i mottak og ventar.

Jølster hotell er ein staseleg, men noko nedsliten, bygning i Vassenden i Jølster kommune. Bygget er (delvis) i sveitserstil og det ser imponerande ut med dei vakre utskjeringane på fasaden. Sidan 1880-talet har det vore hotelldrift her på denne staden som er eit trafikknutepunktet i Sogn og Fjordane. Hotellet vart mottak i 2010 og har husa mange asylsøkjarar frå mange ulike land og kulturar. I februar 2017 vart mottaket nedlagt.

Forfattaren er sjølv busett i Jølster. Ho har oppsøkt asylmottaket, blitt kjend med bebuarane der og fått dei i tale. Ho har følgd personane i boka i ein lengre periode, også etter at dei "vart busette", som det heiter.

Jølster hotell - Historier frå eit asylmottak er basert på Sele sine møte med ni flyktningar frå Syria, Sudan, Etiopia, Somalia og Eritrea, samt nokre av personalet på mottaket. Sele skriv enkelt og nøkternt, men også med innleving. Ho byr på seg sjølv og brukar eigne opplevingar og erfaringar for å prøva å setja seg inn i flyktningane sin situasjon. Ho innleiar boka på denne måten:
"Dei reiste ifrå liva sine. Dei reiste ifrå mødrer og fedrar, ektefellar, kjærastar, barn. Ikkje alle visste om dei ville sjå sine kjære att. Dei reiste ifrå eit hus i Daraa, eit hus i Aleppo, farens villa i Raqqa, ei stråhytte på landsbygda nær Jijiga, ei leiligheit delt med broren i Damaskus, moras hus i Khartoum. Ei tid var dei alle på asylmottaket i gamle Jølster hotell: Bassel, Hayat, Malik, Milka, Moayad, Najma, Shaban, Tblets og Yamen. Dette er historia deira."
Forfattaren vart slått av kor stusseleg det var i mottaket. Fellesområda var påfallande lite brukte; folk budde, sov, laga mat og åt på romma sine. Alle dei ni menneska me møter hadde livet sitt på vent. Venting på avklaring, venting på vedtak, venting på familiemedlemer. Ingen av dei ni kan seiast å vera lykkejegerar og snyltarar - som det frå enkelte hald vert hevda at dei fleste asylsøkjarar er. Den lange sakshandsamingstida slit voldsomt på dei som bur i mottak; dei mistar gjerne gnisten når dei berre vert gåande å venta. Dagane vert prega av uro, passivitet og motløyse.

Det er tydeleg at Sele vart opprørt av det ho såg og høyrde på mottaket. Ho fekk innsikt i sakn og uvisse, vonde opplevingar og tunge lagnader. Ho har klart å formidla denne innsikta til lesaren på ein varm og opplysande måte. Boka inneheld også sakleg informasjon og opplysningar om dagens flyktningsituasjon, samt nokre tankar om våre haldningar til flyktningar og asylsøkjarar.

Eg anbefalar Jølster hotell - Historier frå eit asylmottak. Dette er ei bok å bli klok av.

Utfordringa Smakebit på søndag er no å finna på bloggen Betraktninger

14. november 2017

Omtale: Beretningen om Jon Bentsson av Vera Henriksen

Aschehoug 2004
843 sider
Papirbok lånt privat

Beretningen om Jon Bentsson er ein dobbeltroman; Klangen av en lutt frå 2001 og Ildens sang som kom ut fyrste gong i 2002. Forteljinga er framhald av den meir kjende Beretningen om Bent Jonsson (Trollsteinen, Pilegrimsferd, BlåbreenStaupet og Skjærsildsom eg med stor glede gjenlas tidlegare i år.

Henriksen tek føre seg den same tematikken i begge desse store bokverka. Det handlar kort sagt om sosiale og religiøse motsetningar i tida etter reformasjonen og dei konsekvensane det hadde for samfunnet og for enkeltmenneske.

Men medan eg storkosa meg gjennom den fyrste bokserien, vart dette ei heilt anna leseoppleving. Misforstå meg ikkje - det er Vera Henriksen det er snakk om her, så boka er sjølvsagt ikkje dårleg - men ho er tidvis veldig tung og treg. Eg skal prøva å gjera greie for kvifor eg ga Beretningen om Bent Jonsson (heretter kalla Bent-bøkene) terningkast 6 og Beretningen om Jon Bentsson (heretter kalla Jon-bøkene) "berre" terningkast 4.

Opplevinga av at Jon-bøkene er tungt lesestoff skuldast fyrst og fremst at dei historiske detaljane er så overveldande. For Vera Henriksen var det svært viktig at fakta rundt historiske hendingar, personar og stader var så korrekte som muleg. Det er jo egentleg positivt, men tidvis i desse bøkene har dei historiske opplysningane og kjeldematerialet fått for stor plass. Det har rett og slett gått på bekostning av sjølve historia. I Bent-bøkene balanserte forfattaren fint mellom det menneskelege, det dramatiske og det historiske. I Jon-bøkene er det etter mi meining for mykje faktainformasjon. For å sei det litt fleipete: Hadde Vera Henriksen så uendeleg med bakgrunnsstoff frå Bent-bøkene at ho prøvde å skvisa inn mest muleg av dette inn i Jon-bøkene?

Eg har brukt to månader på lesinga av denne siste boka, noko som er uvanleg lenge. Av dei vel 840 sidene er omlag 100 sider forklaringar, kjeldehenvisingar og andre opplysningar frå forfattaren. Det er altså enno meir informasjon å henta for den som måtte ha interesse for det..

Handlinga er lagt til byrjinga av 1600-talet; ei uroleg tid der den katolske kyrkja kjempa hardt mot protestantismen. Ei gruppe som var sterkt engasjert i motreformasjonen var jesuittane. Hovudperson i Klangen av en lutt og Ildens sang er jesuitten Jon. Han er dessutan luttspelar, teolog og spion.

Faren Bent er blitt ein gammal mann når Jon vender tilbake til Lom etter 25 år. Han har sett og opplevd mykje rundt omkring i Europa. Han er på flukt og fryktar at han er forfølgd av mektige og farlege motstandarar, men får etter kvart slått seg til ro. Jon fortel om det han har opplevd på vandringane sine til far sin og syster si - og det er nettopp Jon sine opplevingar som tek mest plass i boka. Jon skjulte spionasjeoppdraga sine ved å ta musikaroppdrag rundt omkring i fleire fyrste- og kongehus. Slik fekk han eit omfattande kontaktnett - men ikkje alle var til å stola på.

Parallelt får ein vita kva som skjer i lokalsamfunnet og i familien, forholdet mellom far og son og etter ei tid; forholdet mellom Jon og den unge enka Hilde. Dette med giftarmål vert problematisk i og med at Jon egentleg er bunden til ordensløfter om lydigheit og sølibati. Som jesuitt og katolsk prest kan han ikkje inngå ekteskap, men heime på Lom må han halda den katolske delen av livet sitt hemmeleg. Kva vert konsekvensane for han sjølv og ein eventuell familie med tanke på det omflakkande og utfordrande livet han har levd? Kjem Jon til å bryta med dei prinsippa som han alltid har stått for og trudd på? Kan han starta på nytt og leva eit enkelt og vanleg liv? Slik han ser det har han alt gjort seg skuldig i fleire dødssynder - og han har sett grusomme hendingar som heksebrenning og tortur, noko som har gjort han til ein tvilar.

Slik kan innhaldet i Jon-bøkene samanfattast, men det handlar om mykje mykje meir. Skildringane av 1600-talets Europa og menneska som levde den gongen er interessant å lesa om, men som sagt over; det er veldig detaljert, omfattande og overveldande. Persongalleriet er så rikt at det kjennest uoverkommeleg, enkelte personar (som hovudpersonen sjølv) er fiktive, men veldig mange er historiske.

Det eg tykte var spesielt fint med Bent-bøkene var det tidlause og det allmenngyldige i forteljinga. Desse aspekta er mindre til stades i Jon-bøkene. Mine tidlegare svært positive leseopplevingar med Vera Henriksen sine historiske romanar gjorde at forventningane mine var skyhøge i høve Jon-bøkene. Vurderinga mi avspeglar at desse forventningane ikkje vart innfridde fullt ut.

Eg likar forteljarmåten og komposisjonen og er glad for at eg omsider fekk lest forteljinga om Jon - og at eg fekk vita korleis det gjekk med Bent og dei andre i familien.

Avslutninga er litt spesiell sidan forfattaren "blandar seg inn" i romanen og presenterer to alternativ for lesaren. Det eine alternativet er at Jon slår seg til ro i Lom for all framtid. Det andre alternativet er at Jon etter ei opprivande hending reiser tilbake til det katolske Sør-Europa for å ta eit oppgjer med fortida. Dette alternativet er dramatisk - og djupt tragisk.

9. november 2017

Favorittforfattarar: L

Foto: Cappelen Damm

Lars Kepler

Svensk forfattarpar, pseudonym for Alexandra Coelho Ahndoril (f.1966) og Alexander Ahndoril (f. 1967)

Kvar for seg hadde ekteparet Ahndoril skrive fleire romanar og teaterstykke før dei slo seg saman og ga ut Hypnotisøren, ein særdeles mørk, brutal og adrenalinspennande krimthriller. Den fyrste boka om Joona Linna var omdiskutert, men like fullt ein enorm suksess. Paret har skrive ytterlegare fem bøker i serien samt ein frittståande thriller som Lars Kepler.

Eg har hatt store leseopplevingar med alle bøkene i Joona Linna-serien; Hypnotisøren, Paganinikontrakten, Ildvitnet, Sandmannen, Stalker og Kaninjegeren, - så Lars Kepler er ein (dvs. to) av mine desiderte favorittar.

nettsida si fortel forfattarane om bakgrunnen til namnet Lars Kepler. Lars er ein hyllest til Stieg Larsson og Kepler kjem frå den tyske vitenskapsmannen Johannes Kepler.


Foto: Gyldendal

Levi Henriksen

Norsk forfattar f. 1964.

Romandebuterte i 2004 med Snø vil falle over snø som har falt. Den boka fekk gode kritikkar, mange lesarar og vart tildelt bokhandlerprisen. Her vert me introdusert for den fiktive bygda Skogli for fyrste gong. På forfattaren si nettside er det høve til å bla i boka.

Ein finn visse særtrekk i Henriksen sine bøker; den sorgmuntre melankolien, den lune humoren, dei spesielle karakterane og den slentrande stilen. Eg tykkjer denne stilen er både sjarmerande og befriande. Henriksen er god på å få fram kontrastar; han skildrar det finurlege og det naive, det tragiske og det latterlege. Julenovellene til Levi Henriksen er spesielt leseverdige, tykkjer eg.

Henriksen er aktuell denne hausten med den biografiske romanen Her hos de levende. Her viser han ei mørkare side av seg sjølv enn det han har synt før.

Levi Henriksen er også kjend som musikar og låtskrivar. Bandet hans Babylon Badlands er kalla opp etter ein av Henriksen sine romanar.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Andre forfattarar på bokstaven L som eg likar er Liza Marklund, Leif GW Persson, Lars Mæhle og Lene Kaaberbøl.

Favorittforfattarar etter alfabetet

7. november 2017

Kort om: Seks historier av Matt Wesolowski

Lydbokforlaget 2017
Speletid 8:16
Lytteeksemplar

Seks historier er ein heller tradisjonell whodonnit-krim - i ein moderne innpakning. Boka er lagt opp som ein podcast og er ganske sikkert inspirert av det populære "true crime"-showet Serial.

15 år gamle Tom Jeffries forsvinn medan han deltek på ei utflukt saman med ei gruppe ungdommar i 1996. Fyrst året etter vert liket av guten funne i eit myrlendt og naturskjønt villmarksområde i Nord-England. Tjue år etter dette igjen prøver ein journalist å bruka podcasten sin for å grava i saka. Gjennom seks intervju med seks ulike personar prøver han å finna ut kva som verkeleg skjedde den gongen guten døydde.

Var det ei ulykke? Vart han drept? Tok han sitt eige liv?

Det handlar mykje om korleis dynamikken i ungdomsgruppa endrar seg når gruppa får eit nytt medlem. Den nye deltakaren - Tom Jeffries - viser seg å vera ein skikkeleg drittsekk. Det er truleg fleire som kan ha hatt motiv for å rydda han or vegen.

Måten historia er fortalt på er interessant og forfriskande original, men eg tykkjer sjølve krimgåta er kjedeleg. Det går uendeleg sakte sidan den same historia, med berre bittesmå variantar, vert fortalt fleire gonger. I tillegg gjentek hovudforteljaren og podcastjournalisten det meste mellom intervjua av dei seks. Det kan vera greit med oppklaringar undervegs, men her finst unødvendige overforklaringar og gjentakingar.

Forsvinningssaka/dødsfallet vert også knytta opp mot gamle segner og eventyr om spøkelsar, uhyre og monster. Desse innslaga skal sikkert gjera historia skummel og spennande, men for meg vart det motsatt; å blanda inn slike "overnaturlege" element i forteljinga er berre irriterande og dumt. Den desidert mest engasjerande delen var siste "episode" og det som der blir avslørt. Her kjem ei vending som snur mykje av det som inntil då var blitt fortalt fullstendig på hovudet. Eg likte dette grepet - men i og med at eg var kommen så langt i lyttinga vart det for seint.

Ei bok som kjeda meg nesten heile tida fortener ingen toppkarakter. Avslutninga var likevel såpass stilig at det "reddar" eit terningkast 3.

For å avspegla at dette liksom er ein podkast, er det brukt fleire ulike opplesarar av lydboka. Slik får ein verkeleg fram mangfaldet av perspektiv og forteljarstemmer. Halvveges lydbok og halvveges radioteater på ein måte - og det fungerer ganske greit.

Eg registrerer at Ingvar Ambjørnsen i Dagbladet gir Seks historier terningkast 4. Artikkelen er bak betalingsmur så eg har ikkje lest grunngjevinga hans; men overskrifta lyder "Den kommende filmen blir nok bedre enn boka" - og det kan eg vera enig i. Med den rette regissøren, dei rette skodespelarane og dei rette effektane kan nok dette bli ein OK film.

Andre bloggmeiningar: Artemisias verdenBentebingElise-CathrinMy Criminal MindTine sin blogg - som alle likar boka betre enn meg..

2. november 2017

Bokomtale: Glasshjerte av Torkil Damhaug

Cappelen Damm 2017
416 sider

Papirbok lånt privat

Glasshjerte er ein psykokrimthriller som er spennande på fleire plan. Alt frå fyrste side skjønnar ein at dette kjem til å bli ei nervepirrande lesestund. Boka byr på det som kan kallast indre psykologisk spenning og i tillegg; ytre konkret spenning.

Det er ikkje utan grunn at Damhaug er blitt tildelt Rivertonprisen - to gonger. Han er ein stilsikker forfattar som flettar dei enkelte forteljarstemmene elegant saman slik at lesaren får akkurat passe med informasjon til einkvar tid. På det viset vert spenninga og intensiteten halden oppe - og det gjer boka til ein sidevendar.

Når det er sagt: Eg tykkjer likevel ikkje at Glasshjerte er like god som fjorårets En femte årstid eller dei tidlegare Ildmannen og Se meg Medusa. Etter mi meining har alle desse bøkene enno meir nerve, driv og snert - og framfor alt; betre avslutningar. Så har du ikkje lest dei enno; løp og lån! - og få gode og stemningsfulle leseopplevingar.

Tilbake til Glasshjerte - der me altså møter fleire forteljarar. Den mest sentrale er 19-åringen Mikkel som hamnar oppi eit mareritt når kusina hans Amina vert funnen voldtatt og drept - og han sjølv vert mistenkt for å ha noko med saka å gjera. Lesaren skjønnar at dette umuleg kan stemma, men Mikkel har sine grunnar til å ikkje fortelja alt han veit og har sett. Han møter opptil fleire dilemma når han vil beskytta dei han bryr seg om. Det gjeld både mora, faren, den psykisk utviklingshemma broren Robin og den nye kjæresten Inga.

Me får óg følgja saka frå Inga sitt perspektiv der ho driv med ei alternativ og velmeinande etterforsking i reine Frøken Detektiv-stil. Mikkel sin forsvarar, ein advokat med dødsangst og helseangst, er ein annan interessant karakter. Det same er eks-advokaten Rivers som vert hyra inn som ein slags konsulent i saka. Denne Rivers har sona åtte år i fengsel for eit drap han ikkje kan hugsa å ha begått. (Og akkurat her steilar eg litt - fordi eg har lest fleire bøker i det siste der dette med hukommelsetap er eit sentralt poeng..)

Av bikarakterar kan nemnast drapsofferet sin muslimske familie, eit mystisk nabopar, Mikkel sine kunstnarforeldre og særleg; den mystiske jenta Boel som Mikkel har - eller har hatt - eit heilt spesielt forhold til. Det er i det heile mange personar og hendingar å halda styr på i denne boka, men Damhaug har ei stødig hand over dei fleste og det meste.

I psykologisk thriller-sjangeren er miljøskildringane spesielt viktige. Handlinga i Glasshjerte er lagt til månaden november - og dermed alt det denne månaden byr på av mørke, kulde og tåke. Legg så til eit mystisk vatn, ein dyster kyrkjegard og ein skummel skog - og du skjønnar at kulissane er ganske så "perfekte". Damhaug dreg ikkje dette altfor langt - han berre antydar og skildrar ganske vagt, - og så vert det lagt til lesaren sin fantasi å gjera det uhyggeleg.

Etter kvart skal også fleire av personane me har møtt syna seg frå ei heller uhyggeleg side. Personskildingane er svært gode og karakterane framstår difor som ekte og truverdige. Det same gjeld dialogane; dei er naturlege og truverdige og bidreg til å gjera personane enno meir levande. Eg er òg imponert over måten Damhaug framstiller Mikkel sin tilbakeståande bror og korleis han får formidla kjenslene hans. Robin manglar nemleg eit forståeleg språk - han berre gjentek det som vert sagt rundt han og til han. Når det etter kvart blir klart at Robin må ha vore vitne til at Amina vart drept, vert det utfordrande for etterforskarar og familie å tyda kva Robin veit.

Glasshjerte er ein gjennomarbeida og velskriven roman av høg kvalitet. Eg tykkjer forteljinga dett litt saman avslutningsvis, men meiner óg at dette ikkje har altfor stor betydning for leseopplevinga samla sett.
Boka handlar om det som blir sagt og alt det som ikkje blir sagt, om misforståingar og mistydingar, om lojalitet og illojalitet, om tiltru og mistru. Det handlar om unge menneske som strevar med å finna sin plass i samfunnet og framfor alt handlar det om å ikkje sjå kva som er i ferd med å skje - ikkje eingong når teikna er ganske tydelege.
Glasshjerte er perfekt lesestoff til dei mørke novemberkveldane som no ligg framfor oss.

Andre bloggmeiningar: Bjørnebok, Boksnakk

31. oktober 2017

Oppsummering oktober

Påbyrja i september, fullført i oktober:
Roy Jacobsen - Rigels øyne - Norsk roman - eBokBib
Bruce Springsteen - Born to run - Sjølvbiografi - Storytel

Lest i oktober:
Rune Timberlid - Blodhemn - Norsk krim - Papirbok, meldareksemplar
Tore Renberg - Skada gods - Norsk roman - Lytteeksemplar
Torkil Damhaug - Glasshjerte - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Noah Hawley - De som faller - Amerikansk krim - Lånt lydbok biblioteket

Påbyrja i september, fullførast i november:
Vera Henriksen - Beretningen om Jon Bentsson: Klangen av en lutt/ Ildens sang - Historisk roman - Lånt papirbok privat

Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Ann Cleeves - Blått lyn - Britisk krim - Lånt papirbok biblioteket
Matt Wesolowski - Seks historier - Britisk krim - Lytteeksemplar



  • 2 papir, 3 lyd, 1 ebok 
  • 3 lånt, 1 abonnement, 2 fått 
  • 3 krim, 2 romanar, 1 biografi 
  • 4 norske, 2 amerikanske 
  • 0 kvinner, 6 menn 
  • "Nye" forfattarar: Springsteen, Hawley 

I tillegg til dei seks fullførte bøkene har eg lest omlag halvparten av Vera Henriksen sin dobbeltroman i oktober. Beretningen om Jon Bentson er overraskande tung og treg. Det er skuffande, for eg hadde så høge forventningar til den.

Månadens høgdepunkt vart Skada gods og Tore Renberg si entusiastiske opplesing av si eiga bok.