30. desember 2014

Leseåret 2014 - Ein årskavalkade

Leselysta har vore på topp gjennom heile 2014 og eg har hatt svært mange gode leseopplevingar. Eg har som så mange andre norske bokbloggarar hatt mykje fokus på nye norske bøker, men for meg er det viktig å lesa litt annan og litt eldre litteratur også. Eg har prøvd å lesa variert innan dei sjangrane eg trivst best med.

Ei oppteljing syner at hittil i 2014 har eg lest i alt 141 bøker - og eg kjem til å lytta ferdig den siste og 142. før me skriv 2015 - dette er 12 fleire enn i 2013. Eit knapt fleirtal - 74 (eller 52 %) - er innan kategorien krim og spenning. I tillegg til dette har eg lest 39 "vanlege" romanar, dette utgjer 28 %. 12 % av det eg las var innan sakprosa, dokumentarar og biografiar. Dessutan har eg lest nokre humorbøker og 6 novellesamlingar. Eg las 32 bøker (22 %) som var norske utgitt i 2014.

Eg er ein flittig brukar av bibliotektenester og låner både papir-, lyd- og e-bøker. 78 av bøkene eg las eller lytta til i år, dvs. 54 %, lånte eg på biblioteket. I tillegg låner eg ein del bøker privat.
Når det gjeld lydbøker, las eg i alt 58 (42 %) som lydbok i år. Eg las 14 ebøker (10 %) og resten, 69 stykker (dvs. 48 %) vart lest på papir.

Dei forfattarane eg har lest flest bøker av er Gert Nygårdshaug og Leif GW Persson.

Eg tykkjer eg er ganske god til å plukka ut bøker som passar til meg sjølv, men det er klart; ikkje alt treff skikkeleg når ein les såpass mykje i løpet av eit år. Eg har gitt terningkast 6 til 6 bøker, 3 har fått terningkast 2 og resten har fått terningkast 3, 4 og 5. Eg har avbrote lesinga av 5 bøker. Dei fann eg ikkje ut av og/eller passa meg ikkje på lesetidspunktet.

Bloggelysta har vore litt ujamn gjennom året, men eg har faktisk produsert 120 blogginnlegg i løpet av 2014, noko som eg seier meg nøgd med. Eg har skrive omtalar av 57 av bøkene eg har lest. I tillegg er ein del bøker omtalt i samband med samleinnlegg eller formidla ein smakebit av, medan nokre ikkje er nemnde i det heile. Her har eg eit forbetringspotensiale.

28. desember 2014

Bokomtale: Den største forbrytelsen av Marte Michelet

Undertittel: Ofre og gjerningsmenn i det norske Holocaust
Gyldendal 2014
320 sider
Ebok lånt på biblioteket (ebokbib)


70-75 år etter krigen er stadig nye historikarar, forfattarar og lesarar opptekne av 2. verdskrig. I løpet av det siste året har eg lest fleire skjønnlitterære bøker som har krigen som bakteppe og innfallsvinkel. Eg har også lest Morfar, Hitler og jeg av Ida Jackson, som er ei sakprosabok med ein svært personleg vri, - og like før jul las eg så Den største forbrytelsen, Marte Michelet si Bragepris-vinnande og kritikerroste bok.

Opp gjennom åra har eg lest ganske mange forteljingar, erindrings- og dokumentarbøker som handlar om 2. verdskrig og Holocaust. Å lesa om dette avskyelege og omfattande folkemordet er like opprørande kvar gong. Gjennom Michelet si bok vert alt dette avskyelege enno nærare, for her handlar det om deportasjonen av dei norske jødane under krigen. Boka skildrar også den alminnelege oppfatninga og skammelege behandlinga som jødane opplevde her i landet.


21. desember 2014

God jul

Vinternatt

No kveiker Vårherre sitt joletre
i den kvite vinternatt.
All den glitrande stasen, barn
vilde du gjerne hatt.

Himmelgrani so fin og blå
har greiner av tandrande ljos;
karlsvogner kjem frå langferd der,
og måneskip siglar sin kos.

Du vil gripa og leika, barn.
og kanskje skal di hand
ein gong plukka månar ned
og sløkkja stjernor i brand.

                                                                         
                                                                                                - Olav H. Hauge


- - - - - - - - - - - - - - -


Med ynskje om ei koseleg og fredfull jul
til 
alle blogglesarar og bokvener 


- - - - - - - - - - - - - - -

Denne bloggen tek julepause nokre dagar. Eg kjem tilbake i romjula med ein årskavalkade og ein oppsummering av leseåret 2014.

17. desember 2014

Bokomtale: Skyggegutten av Carl-Johan Vallgren

Lydbokforlaget 2014
Speletid: 9 t 12 min
Opplesar: Christoffer Staib

Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget

Eg hadde ikkje høyrt om verken boka eller forfattaren Carl-Johan Vallgren før eg las ein fristande omtale på Tine sin blogg i haust ein gong. Tusen takk for supert tips, Tine. Dette vart - om ikkje akkurat inner-tiar, så i alle fall nær midt i blinken.
Eg er i utgangspunktet begeistra for svensk krim, og det var gledeleg å oppdaga ein "ny" og dyktig krimforfattar. Vallgren er egentleg ein etablert forfattar - dette er krimdebuten hans som han gav ut under pseudonymet Lucifer i nabolandet. Her i landet er ikkje forfattaren så kjend, så her vert boka utgitt med forfattaren sitt verkelege namn.

Boka startar med eit tilbakeblikk til året 1970, då 7 år gamle Kristoffer vart kidnappa. Guten tilhøyrde den velståande familien Klingberg, men det vart aldri kravd løysepengar og guten vart aldri funnen. Foreldra gjekk til grunne og veslebroren Joel vaks opp med kun ein skygge av ein bror.
40 år etter forsvinning-/kidnappingssaka - i notid - forsvinn så Joel, mest sannsynleg frivillig ifølge politiet. Men kona hans oppsøker Joel sin gamle ven Danny for å få hjelp - fordi Danny var den einaste Joel stolte på. Kva har skjedd? Er familien råka av ein ny tragedie? Er det ein samanheng mellom forsvinningane? Korleis? Kvifor? Gradvis og undervegs får både Danny og lesaren kjennskap til stadig nye moment, skjulte opplysningar og gamle minner. Det vert farleg - livsfarleg - for Danny og personane rundt han.

Danny Katz er ein særeigen karakter; ein protagonist utanom det vanlege som eg fekk sans for. Skyggegutten har, forutan ein spennande hovudperson, mange av dei ingrediensane eg likar at ei spenningsbok har: Høgt tempo, skiftande perspektiv, neglebitande spenning og eit litt komplisert plott. Det handlar - mellom anna - om eit forsvunne barn, skjulte familehemmelegheiter og ein uskuldig mann som absolutt "alle" er ute etter og jaktar på. Med andre ord: Me har på ein måte lest/høyrt/sett det før - men Vallgren gjer det på ein svært dyktig måte: Han har sin eigen spesielle vri og syner ekte forteljarglede.

Skrivestilen er elegant og språket stødig. Stemninga er litt desperat og mørk - så boka vert karakterisert som ein noir-thriller. Forteljinga er nokså komplisert og krever konsentrasjon, spesielt om ein lyttar til boka - men kan likevel seiast å vera lettlest - fordi handlinga er så "logisk" og drivande. Forfattaren formidlar gode skildringar av hovudpersonane si uro og frykt. Visse stereotype karakterar og politiroman-klisjear kan ein finna i boka, men ikkje så mykje at det vert negativt for leseopplevinga. Alle trådane vert vevde fint inn i forteljinga og nøsta opp igjen på ein god måte.

Eg gir Skyggegutten ein stor og blank 5'ar på terningen og har høge forventningar til neste bok i det som skal bli ein thriller-serie frå Carl-Johan Vallgren. Boka passar til deg som likar forfattarar som Jussi Adler-Olsen, Lars Kepler og Jo Nesbø. Opplesar Christoffer Staib er dyktig og les lydboka i eit passande tempo og med akkurat passe innleving.
Tusen takk til Lydbokforlaget som sende meg lytteeksemplar.

16. desember 2014

Leif GW Persson - Eit samleinnlegg

Fyrste gongen eg "møtte" forfattaren Leif GW Persson var då eg las romanen Mellom sommerens lengsel og vinterens kulde for eit par-tre år sidan, - men det vart eit møte og ein kriminalroman som eg ikkje fann ut av. Skuffande og overraskande nok, for svensk krim er liksom ein av lidenskapane mine og noko som eg vanlegvis kosar meg med. Den nemnde boka er ein murstein på nærare 600 sider, ho inneheld utallige karakterar, bihistoriar og trådar, og eg fann handlinga treg og tung. Då eg las boka i mars 2012 gav eg ho terningkast 2 på bokelskere.no. Der finn eg også att ein kommentar som eg skreiv den gongen: "Har aldri brukt lengre tid på ei krimbok. Denne vart altfor lang, altfor kjedeleg, altfor omstendeleg. Kjem neppe til å lesa meir GW Persson." 

Eg var altså skikkeleg sur etter den leseopplevinga. Men det er vel ingen skam å snu, og i ettertid har eg hatt eit ønske om å prøva meg på ei anna bok av GW Persson, sidan denne forfattaren av mange vert sett på som "deckarkungen" og ein av dei aller beste svenske kriminalforfattarane. I tillegg er Persson, med den bakgrunnen og erfaringane han har, ein interessant person. Han er ikkje fyrst og fremst forfattar, men er professor i kriminologi ved Rikspolisstyrelsen i Stockholm og sakkyndig i det svenske justisdepartementet. Han er òg ein frittalande og uredd samfunnsdebattant som ofte opptrer som krimekspert i media. I ymse samanhengar, også skjønnlitterært, har han vore særleg engasjert i etterforskinga i drapet på Olof Palme.

Kronologi gav eg blaffen i då eg i haust valde meg ut Den døende detektiven (frå 2010)og det vart eit langt hyggelegare møte og ei meir underhaldande leseoppleving. Eg lånte lydboka - med Nils Nordberg som opplesar - på biblioteket. Nordberg si stemme passa glimrande til boka. "Gjensynet" med dei aldrande herrane Jarnebring og Johansen - som er gjennomgangsfigurar i fleire av GW sine romanar - var varmt og triveleg. Fullt så triveleg er ikkje kollegaen deira Evert Bäckström, men også han har ei rolle å fylle. Det vart ei fin leseoppleving; ei ettertenksam og fornøyeleg bok som også inneheld ei skikkeleg kriminalgåte. Det er ikkje så mykje action og fart i boka, og tidvis stoppar handlinga litt opp, men historia er brukbart fengslande likevel. Persson vart tildelt Glassnøkkelen for Den døende detektiven.

Dermed var eg i liksom i gang med dette forfattarskapet, og plukka fram Grisefesten og Profitørene - utgitt fyrste gong i Sverige i 1978 og -79. Det var absolutt interessant å gå slik bakover i tid, i det same universet og med dei same personane å forholda seg til. Mykje har skjedd sidan slutten av syttitalet, det gjeld både teknologi, infrastruktur og andre samfunnsforhold - og kriminallitteraturen speglar sjølvsagt desse endringane. Trass i dette får ikkje desse to bøkene meir enn terningkast 3 frå meg. Dei er litt tamme og har ikkje tålt "tidens tann" så godt.

Eg har imidlertid etter kvart fått sans for den slentrande og personlege forteljarmåten til denne forfattaren. Han er sarkastisk og frekk, melankolsk og elegant - ein heilt eigen spesiell stil - ein stil eg ikkje såg eller oppfatta då eg vart så skuffa over den fyrste boka. Forfattaren er svært kunnskapsrik, har lang erfaring med og kjennskap til brotsverk, forbrytarar og politiarbeid. Difor vert bøkene hans truverdige, realistiske og grundige. Eg trur likevel GW Persson er ein forfattar som ein må venja seg til.

No har eg lånt Den som dreper dragen via ebokbib og ser fram til eit nytt møte med forfattaren - og antihelten Evert Bäckström, som er hovudperson i denne boka. Eg forventar ei leseoppleving med gode miljøskildringar, beisk humor, samt eit kritisk blikk på politietaten spesielt og samfunnet generelt. Sitrande spenning kan ikkje forventast. Det er ikkje GW sin stil.
Og OMSIDER kjem eg fram til poenget med dette lange innlegget: Den som dreper dragen er mitt bidrag til Boken på vent-spalten hos Beathe denne tysdagen!

Leif GW Persson er ein godt vaksen mann (fødd i 1945), men har ikkje gitt ut så mange bøker, - han har som nemnd vore opptatt med enkelte andre ting. Men han har teke seg tid til å skriva nokre jakt- og kokebøker saman med Jan Guillou og manus til to TV-seriar, også saman med Guillou.

Forutan bøkene omtalt over, er desse bøkene utgitt på norsk:
  • En annen tid, et annet liv
  • Faller fritt som i en drøm - desse to inngår saman med 'Mellom sommerens lengsel og vinterens kulde' i trilogien «Velferdsstatens fall» som kretsar rundt mordet på ein svensk statsminister
  • Samfunnsbærerne - er ein frittståande roman, men oppfølgjar til 'Grisefesten' og 'Profitørene'
  • Linda - som i Lindadrapet 
  • Den sanne historien om Pinocchios nese
  • Gutten til Gustav (Sjølvbiografi)

13. desember 2014

Bokomtale: Nullpunkt av Bjørn Olav Nordahl

Lydbokforlaget 2014
Speletid: 21:06
Opplesar: Duc Mai-The
Lånt på biblioteket

Når ei bok vert marknadsført som ein thriller, forventar ein spenning og ei handling med litt nerve. Men når ein les Nullpunkt vert all spenninga vekke medan ein skal prøva å halda styr i all informasjon, alle sceneskifta, alle stadene og alle karakterane. Dette er eit ambisiøst bokprosjekt - forfattaren vil så gjerne formidla ei på alle måtar stor historie - men for meg vart dette ei dårleg leseoppleving, dessverre.

Nullpunkt er den frittståande oppfølgjaren til Skyggeland som kom ut i 2012. Eg har ikkje lest den fyrste boka, noko eg muligens skulle ha gjort, - kanskje hadde eg fått meir utbytte av Nullpunkt dersom eg hadde blitt litt kjend med eit par av karakterane og litt av trådane frå tidlegare.

Dette er ein finansthriller der det m.a. handlar om svarte pengar, kvitvasking, innsidehandel, korrupsjon, taxisvindel, torpedoverksemd og anna grums. Det handlar også om media si rolle oppi dette. Forfattaren gir eit detaljert og realistisk innblikk av redaksjonen i finansavisa Dagens Økonomi. Her jobbar eit par særdeles dyktige gravejournalistar, Mellomstrand og Nergård; to særeigne karakterar med kvar si innhaldsrike fortid. Ved hjelp av tips og teft grev dei seg djupt ned og langt ut i eit uoversiktleg og - skal det visa seg - farleg farvatn.

Eg likar ofte spenningsromanar med eit samfunnsaktuelt og realistisk bakteppe, men akkurat denne boka vart for uryddig og springande for meg. Ho er for lang og omfattande og kunne godt vore kutta eit par-tre hundre sider. Handlinga hoppar for mykje og vert avbrutt av stadig nye tema, perspektiv og miljø. Etter mi meining er bihistoriane uklare og usystematiske og sjølve komposisjonen av boka rotete. Trådane vert for mange og eg mista konsentrasjonen - gong på gong. Avslutninga er brukbar, men då eg var kommen så langt i lyttinga, lengta eg berre til at boka skulle bli ferdig..

I tillegg irriterte eg meg voldsomt over det jålete og svulstige språket. Som regel legg ein ikkje så godt merke til språkbruken når ein lyttar til ei bok; ein høyrer meir på sjølve historia som vert fortalt. Men i dette tilfellet la eg godt merke til alle dei unødvendige adjektiva og til at forfattaren rota seg ut i lange blomstande miljøskildringar og inn i pinlege personskildringar.

Virkar eg sur? Det stemmer! Eg er gretten sidan eg no har kasta vekk 21 timar lytting til ei bok som ikkje gav meg noko som helst.

10. desember 2014

Bokomtale: Stalker av Lars Kepler

Cappelen Damm 2014
Speletid: 14:14
Opplesar: Ivar Nergaard

Kjelde: Kjøpt lydfil

Eg vart Lars Kepler-fan alt då eg las den fyrste boka i Joona Linna-serien, Hypnotisøren, i 2011. Det var noko intenst, fascinerande, fråstøytande og sjokkerande der som appellerte til den mørke sida av meg sjølv. Dessutan var boka så originalt komponert, ho var velskriven og lydbokversjonen hadde gode gamle Nils Nordberg som opplesar.
Eg opplevde ein bitteliten nedtur med bok nummer to, Paganinikontrakten - den leseopplevinga var ikkje fullt så intens, - men med dei to påfølgjande Ildvitnet og Sandmannen følte eg meg bortimot "hypnotisert" igjen.

Stalker er altså bok nummer fem i serien, men kan lesast som ein frittståande kriminalroman sidan forfattarane forklarar og repeterer hendingar og trådar frå dei tidlegare bøkene. Eg har høyrt på Ivar Nergaard som er opplesar av lydbokversjonen, og han har heva leseopplevinga mi ytterlegare med stemma si - nok ein gong. Supert!

Dei fleste som omtalar og anmelder denne bokserien legg vekt på at dei grove valds-skildringane er sentrale i bøkene. Eg er enig i at dei nærgåande, ekle og vonde skildringane er hard kost. Men bøkene inneheld så mykje meir.
Stalker er ei godt samanskrudd historie som for det fyrste er frykteleg spennande. Dernest er det ubehageleg og voldsomt. Grotesk og stygt. Rått og barskt. Men! - og her kjem det som eg tykkjer er så bra med dette forfattarparet: Det er empatisk. Forståingsfullt. Ekte. Hendingane det vert fortalt om er heldigvis og gudskjelov ikkje truverdige eller sannsynlege - men likevel altså: Ekte. Persongalleriet er variert - og ein kan sei at mange av dei vert framstilte som "overmenneske" som må tåla det utrulegaste - men like fullt: Forfattarane får dei til å framstå som ekte og levande.

Stalker har det gått over eitt år sidan hendingane som fann stad i Sandmannen. Joona Linna forsvann i slutten av den boka og me forstår at han har halde seg skjult. Men når det endeleg vert slått fast at den skrekkelege Jurek Walter ikkje er ein trussel lenger, dukkar Joona opp igjen - "frå dei døde".
Me får på ny treffa psykologen og hypnotisøren Erik Maria Bark som me hugsar frå den fyrste boka. Som sakkyndig i ei drapssak ni år tidlegare bidro Bark til at presten og mordaren Rocky Kirklund vart dømd og innesperra i ein psykiatrisk sikringsanstalt. No har Rikskrim fått hendene fulle med fleire drap som har fleire likskapar med drapet som Kyrklund i si tid utførte. Har han ein medhjelpar, ein lærling eller handlar det om ein copycat? Den tidlegare presten har ein hjerneskade og hugsar lite - og her kjem så hypnotisøren Erik inn i etterforskinga. Joona Linna, som no er i ein elendig forfatning, deltek berre på sida av etterforskinga - men vert stadig meir involvert. Me får elles møta fleire nye og interessante karakterar i boka; den mest sentrale er den nye og svært gravide kriminalinspektøren som har overteke kontoret til Joona.

Eg er heldigvis ikkje mørkredd. Eg hadde fått problem med å komma gjennom denne boka dersom eg hadde vore det. For det handlar jo om eit mareritt; ein stalker og ein seriemordar av det mest utspekulerte og ondskapsfulle slaget. Eg vart så riven med av drivet og forteljinga at eg glatt oversåg/overhøyrde enkelte logiske bristar, lause trådar og usannsynlege reaksjonar og hendingar. Forfattarane beherskar nemleg forteljarhandtverket på ein slik måte at hendingane og personane vert truverdige sjølv om dei egentleg ikkje er det.
Boka har skiftande tempo, ulike perspektiv, mange forteljarstemmer og perfekte cliffhangers. Kjedelege avhøyr og finurlege tankerekker er det lite av i boka. Her er det action og "høgspenning" frå fyrste til siste side, knapt utan noko "kvileskjær". Gjennom 14 timar (eller 566 sider) får lyttaren/lesaren uuthaldeleg spenning, ei hardkokt historie og eit psykologisk drama.

Eit lite minusteikn i margen ved sidan av seksaren vert likevel notert for meg sjølv her: Forfattarane er farleg nær å gå over the top undervegs. Eg ser at det er ein viss fare for at framtidige bøker i serien kan bli ein parodi "på seg sjølv". Det kjem til å bli utfordrande for forfattarane; det vert liksom forventa at dei må overgå seg sjølv og sjokkera lesaren i kvar einaste bok. Eg tykkjer at eit par av valdsscenene i Stalker er unødvendig detaljerte og blodige og ristar litt på hovudet av alt fråveret av realisme. Men eg meiner at historia landar greit - så eg gir toppkarakter for denne boka også. Ekteparet Ahondril er stadig blant dei ypperste innan denne spesielle sjangeren. Det vert uansett spennande å sjå kva retning forfattarane av denne bokserien går.

Stalker anbefalast alle hardkokte krimlesarar. Les du Stalker blir du svett og andpusten utan å bevega deg i det heile tatt. Du kjem til å dra for gardinene dine. Du kjem kanskje til å forsova deg fordi du har lest og lest og lest, heile natta. Du får ei mørk og intens leseoppleving. Og - dersom du lyttar til boka, vert leseopplevinga og spenninga ekstra skummel og nær.

6. desember 2014

Bokomtale: Maurtuemordene av Hans Olav Lahlum

Cappelen Damm 2014
431 sider

Kjelde: Lånt på biblioteket

Riksnerden og historikaren Hans Olav Lahlum debuterte som krimforfattar med Menneskefluene i 2010, og sidan har han - innimellom alt det andre han deltek på og jobbar med - skrive krimromanar i eit svært høgt tempo. Tidlegare i haust kom den sjette boka i retrokrimserien hans; Maurtuemordene.

Patricia Borchman og Kolbjørn "K2" Kristiansen er fortsatt hovudpersonar, men innhaldsmessig er det meir psykologi enn tidlegare. Boka handlar om ein særdeles utspekulert seriemordar og startar med eit blikk direkte inn i hovudet til ein person som er i ferd med å begå eit mord. Med jamne mellomrom får lesaren lesa dei kursive tankane til denne mordaren.
Maurtuemordene er meir uoversiktleg enn Lahlum sine foregåande krimromanar. Persongalleriet er omfattande, analysane intrikate og forviklingane mange.

Krimserien til Lahlum er underhaldningskrim, men kan ikkje karakteriserast som kosekrim. Bøkene hans inneheld lite grove valdsskildringar og er på den måten ulik mykje av dagens kriminallitteratur. Forfattaren er inspirert av ulike klassiske kriminalromanar. Han legg vekt på motiv og alibi, spor og villspor, analysar og resonnement. Han gir også eit ganske fornøyeleg glimt av kultur, politikk og andre tidsbilete frå fyrste halvdel av 1970-talet.

Ein seriemordar er på ferde i Oslo våren 1972. Fleire unge kvinner blir drept, tilsynelatande utan system og motiv. Ved sidan av lika er det plassert eit bilete av ein maur. Det heile er sjukt og skremmande; det virkar som om mordaren drep kun for merksemda og spenninga si skuld. Ikkje eingong K2 sin rådgjevar, superintelligente Patricia, skjønnar noko. Det fyrste offeret er ein prektig teologistudent, nummer to er ei vilter jazzsangerinne og dernest følgjer ei ung formuande dame frå beste vestkant. Ingenting ser ut til å vera fellesnemnar for ofra. Frustrasjonen og frykta for ein lystmordar brer om seg.

Eg anbefalar serien om K2 og Patricia til alle som likar god gammaldags krim, men du bør vera førebudd på at handlinga er omstendeleg og at skrivestilen er saktegåande. Maurtuemordene er ei bok som må lesast nøye og ganske sakte. Boka er så finurleg og detaljrik at eg har brukt unormalt lang tid på lesinga. Eg har egentleg meir sans for krim med meir drivande handling og høgare tempo, men boka passar likevel godt til mine "litterære smaksløkar" (for å sei det med eit lahlumsk uttrykk).
Språket i serien er spesielt og snirklete, for liksom å understreka kor lenge det er sidan 1972.

Gjennomgangstemaet/sideplottet i serien som handlar om K2 sitt problematiske forhold til kvinner, er med på å gjera bøkene ufrivillig morosame og litt småpinlege. I denne boka skjønnar K2 omsider at han er forelska i ein viss person, men eg skal ikkje her røpa om han gjer noko meir med det..
Kjenner eg Lahlum rett, går det ikkje så lang tid før neste bok i serien kjem ut - og då får me vita meir om kva som skjer med etterforskarlivet og kjærleikslivet til Kolbjørn "K2" Kristiansen.

3. desember 2014

Bokomtale: Morfar, Hitler og jeg av Ida Jackson

Lydbokforlaget 2014
Opplesar Runa Eilertsen
Speletid 8:25

Kjelde: Lånt på biblioteket

Morfar, Hitler og jeg er ei god bok. Ho er velskriven, reflektert og nesten ubehageleg personleg. Ida Jackson byr på seg sjølv når ho fortel om morfaren som var på feil side under krigen. Per Pedersen Tjøstland var frontkjempar, SS-mann og redaktør for den nasjonalsosialistiske avisa Germaneren.
Etter krigen vart han dømd for landssvik og sona fem år i fengsel. Forfattaren oppdaga - via eit Google-søk og ein Wikipedia-artikkel - at den fantastisk snille morfaren hennar hadde ei fortid som nazist.
"SS-mannen Per Pedersen Tjøstland var en politisk ekstremist som var villig til å ofre livet for det han trodde på. Han var en totalitær nasjonalsosialist som syntes det var riktig å ty til vold for å bekjempe den jødisk-bolsjevikske konspirasjonen han mente truet det "germanske folk". Og han var en smart, omsorgsfull og talentfull mann. For ikke å snakke om verdens beste morfar."
Det må ha vore vanskeleg å oppdaga at ein person som har stått deg nær, har ei slik fortid. I boka vert det veksla mellom morfaren si historie og forfattaren sine reaksjonar. Ida Jackson kjenner sjølv eit ekstremt politisk miljø godt sidan ho tidlegare var aktiv på ytterste venstre fløy, og tykkjer at ho kan forstå ein del av tankane til morfaren. Ho forstår konspirasjonsteoriane, det opprørske og det nærast religiøse i morfaren sine idéar.

Forfattaren som lita jente saman med den kjære morfaren sin.
Innfelt soldaten Per Pedersen, 23 år gammal og frontkjempar.
Bileta er henta frå idajackson.no

Tjøstland var ikkje berre ein sympatisør og NS-medlem. Han var ein overtydd nazist og rasist som trudde på den store jødekonspirasjonen og på pangermanismen. Han melde seg i 1941 til teneste i det nyoppretta "regiment Nordland" etter å ha høyrt Vidkun Quisling sin radiotale med oppfordring til alle nordmenn om å kjempa på tyskarane si side. Per vart sendt til Austfronten - og me er alle kjende med dei ufattelege lidingane og folkemorda som foregikk der. Forfattaren kjenner ikkje detaljert til kva morfaren gjorde eller ikkje gjorde, - men han ha sett og han ha visst.
Etter to og eit halvt år kom han heim, høgt dekorert med Jernkorset og sterkt prega av krigen - men framleis trudde han på "saka". Han var overtydd om at han gjorde det rette, trass i alt det grusomme og groteske han må ha opplevd (og utført). Akkurat det er heilt ubegripeleg.

Forfattaren fortel om motstanden i eigen familie om å gi ut denne boka. Det mest vanlege er vel å halda slike mørke familiehemmelegheiter skjulte og gøymde. Ida Jackson, derimot, har grave i fortida, i skriftleg og muntleg materiale, og gitt det heile ei bokform.
Morfar, Hitler og jeg er ei bok til ettertanke for nokon kvar.

Runa Eilertsen gjer ein finfin jobb som innlesar av lydboka. Anbefalast!

1. desember 2014

Oppsummering november

Påbyrja i oktober, fullført i november:
Kerstin Ekman - Skrapelodd - Svensk roman - Papirbok lånt av mor
Carl Frode Tiller - Innsirkling 3 - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket

Lest i november:
Jeffery Deaver - Knokkelsamleren - Amerikansk krim - Kjøpt pocketbok
Leif GW Persson - Den døende detektiven - Svensk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Olav W. Rokseth - Et spørsmål om beskyttelse - Papirbok lånt på biblioteket
Jon Michelet - En sjøens helt. Skogsmatrosen - Norsk roman - Kjøpt lydbok
Leif GW Persson - Profitørene - Svensk krim - Kjøpt pocket
John-Henri Holmberg (red.) - Mord og mysterier - Svenske krimnoveller - Kjøpt pocket
Anna Gavalda - Billie - Fransk roman - Lydbok lånt på biblioteket (avbraut)
Frank Aarebrot - 200 år på 200 sider - Historie/fakta - Papirbok lånt på biblioteket
Håkan Nesser - Levende og døde i Winsford - Lydbok lånt på biblioteket

Påbyrja i november, fullførast i desember:
Hans Olav Lahlum - Maurtuemordene - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Ida Jackson - Morfar, Hitler og jeg - Biografi/dokumentar/ - Lydbok lånt på biblioteket