19. august 2017

Biolesesirkel: En av oss av Åsne Seierstad

Kagge 2013
532 sider
Papirbok lånt på biblioteket

Fire år etter bokutgjevinga og seks år etter terroråtaka 22. juli 2011 har eg no lest den kjende og viktige boka En av oss. Fyrst no følte eg meg "klar" - men det vart likevel sterk lesnad.

Tema for biolesesirkelen denne gongen er ondskap/galskap, og eg assosierer desse eigenskapane - både ond og gal - med Anders Behring Breivik. Alle kan vel vera enige om at han er ond i og med at han drap 77 menneske den gongen. Men er/var han gal? Det stridest dei lærde om.

Det var i rettssaka i 2012 usemje om Breivik var strafferettsleg tilrekneleg. To par rettssakkyndige vurderte då den mentale tilstanden hans og kom til to ulike konklusjonar. Det eine paret kom fram til at han var psykotisk og at han difor måtte dømmast som utilregneleg og til tvunge psykisk helsevern. Det andre paret meinte at han ikkje var psykotisk.
Diagnosane dyssosial og narsissistisk personlighetsforstyrrelse tilsa at Breivik ikkje var "gal nok"; han var i juridisk forstand tilrekneleg og kunne straffast. Dommarane i Oslo tingrett var enige i den sistnemnde vurderinga, og på det grunnlaget vart Anders Behring Breivik dømd til 21 års forvaring for massemord og terrorisme.

Rettssaka er også eit tema og har forholdsvis stor plass i denne boka. En av oss er tilpassa eit internasjonalt publikum og det har nok vore viktig for forfattaren å gjera greie for norsk rettspraksis og lovgjeving. Seierstad var til stades i rettssalen dei ti vekene saka varte og har hatt tilgang til dokument som politiavhøyr, politirapportar, dei rettsmedisinske vurderingane, Breivik sitt manifest samt andre "allmenne" kjelder som bøker og nettartiklar. I tillegg har ho samtala med pårørande og overlevande frå Utøya og regjeringskvartalet, intervjua dåverande statsminister og hatt eit møte med mor til gjerningsmannen. Vener, naboar, kollegaer og familiemedlemer har på si side bidrege til å gi eit innblikk i Breivik si vanskelege barndom- og ungdomstid. Forfattaren sende også ein førespurnad om eit intervju med den dømde. Førespurnaden vart avvist.

Slik eg tolkar dei opplysningane som kjem fram i denne boka, var Breivik i psykisk ubalanse då han etter å ha budd for seg sjølv ei tid flytta tilbake til mor si. På gutterommet brukar han all si tid på spelet World of Warcraft. Han er som besatt av spelet og lever gjennom det, nesten døgnet rundt - i eit par år. Når denne besettelsen går over finn han ein ny verden - på internett. Nettstader som Gates of Vienna og Jihad Watch er innbydande for han; her finn han meiningsfeller som Fjordman som han vert svært inspirert av. Her finst høgreekstremistiske tankar som passar til den forståing Breivik har av verda: han finn begrep som multikulturalisme og kulturmarxisme. Hovudmotstandarane hans vert frå no av ikkje virtuelle monster, men levande menneske; fyrst og fremst muslimar - og dernest medlemar/sympatisørar av Arbeiderpartiet.

Gradvis veks det fram ein grusom plan på gutterommet. Alle tankar og planar vert dokumentert i det 1500 siders manifestet som han distribuerer like før terroråtaka finn stad.

Boka er god og tankevekkjande. Ho er særdeles velskriven og uhyre interessant. Seierstad forsvarar ikkje terroristen, - på ingen måte. Ho gir heller ingen skråsikre svar på kva som kan ha gjort Anders Behring Breivik til terrorist og massemordar, men det er klart at omsorgssvikt og avvisning i tidlege barneår kan vera ei forklaring på kvifor han vart så inneslutta, einsam og sjølvoppteken.
Han vart aldri "ein av oss" sjølv om han prøvde å få innpass. Han vart avvist av sin eigen far, av vener, av Frimurerlosjen og av FrpU. At grunnen til avvisingane låg på han sjølv og at han hadde eit forvrengt syn på menneska og samfunnet rundt seg - det såg han ikkje.

Me hugsar vel alle kvar me var, kva me gjorde og kva me tenkte i dagane etter 22. juli. Gradvis seig grusomheitene og omfanget av desse inn over oss. Lista over namna på alle ofra var så uendeleg, ufatteleg lang. Ofra var så unge, sorga var så stor. Me gjekk i rosetog og "var alle AUF'arar".

En av oss er ein dokumentar og ingen rein biografi, men det vert fortalt så grundig som råd er om Breivik sin oppvekst og bakgrunn. Det er svært verknadsfullt at dette vert kryssklippa med nokre av Utøya-ofra sin bakgrunn. Skildringane av nedslaktinga som fann stad på Utøya er detaljerte, nøkterne og hjerteskjerande. Det er óg vondt å lesa om manglande beredskap, dårleg kommunikasjon og fatale mistydingar. I ettertid er mykje av dette blitt avdekka og offentleggjort gjennom 22. juli-kommisjonen sin rapport. Å få alt repetert i denne boka er framleis rystande.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Andre bloggmeiningar om En av ossReading Randi, Rose-Marie, Så rart

Du kan lesa om andre biografiar innan tema ondskap/galskap dersom du klikkar deg inn på
Moshonista sin blogg.

2 kommentarer:

  1. (Det går fremdeles langsomt med mi tilbakeføring til internettet, takler, korte, ting, snaps og insta, men deretter..)
    Prokrastineringsunnskyldninger til siden. God omtale, av noe jeg skjønner er ei god bok, og jeg er hellig overbevist om Åsnes kvaliteter, til tross for at jeg bare har lest To Søstre. Jeg er bare ikke helt klar. Det er et aspekt av denne såkalte virkelighetslitteraturen eksperten ikke har berørt ennå. LItt virkelig - ok, men når ting blir TOO virkelig, har jeg store begrensninger. Når du faktisk vet, og det faktisk skjedde og det var - igår-, og det kunne vært naboen, søskenbarnet eller hvem som helst, og alle kjenner noen, som kjenner, og nei, du vet.

    Konsentrerer meg om gal/ond problematikken istedet.
    Det virker på meg som om (basert på bio-s) at gal er mest problematisk, rettslig (fordi det er store forskjeller mellom tilregnelig og not, straffeforskjeller osv), og også ut ifra vår egen toleranse grense. Veldig vanskelig med gal. Ond virker lettere, men går det an å være helstøpt ond uten å være gal. Jeg tviler stadig mer.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg veit og eg skjønnar dette med at det nesten kan bli _for_ verkeleg. Eg skulle jo inderleg ønska at det som hende 22. juli 2011 var ein roman.

      Ja, galskap er vanskeleg. På den eine sida var det viktig for "oss" at Breivik vart dømt til både fengsel og forvaring, at han faktisk var tilrekneleg og ansvarleg for sine ugjerningar. For dersom han hadde blitt sett på som "gal nok" og dermed utilrekneleg - så ville han uansett blitt innesperra. Men kva om han då - lat oss sei om nokre år -
      hadde blitt frisk? Kunne han blitt sleppt ut att i samfunnet? Kunne pårørande og overlevande risikert å treffa han på gata?
      - Ein skremmande tanke.

      Eg er ingen jurist, så etter mitt syn og mitt språk er Breivik spinn hakka sprø og gjennomført ond; ein person som samfunnet må beskyttast for.

      Slett